Arrangement av Vestnorsk kulturakademi
Varighet: 3 dager
Offentlig · Alle på eller utenfor Facebook
Leirmuring har lange tradisjonar i Norge, men er ein kunnskap som nesten er gått i gløymeboka. I tidlegare tidar var det vanleg å nytta råmaterialar til bygging frå nærområdet, som naturstein og leire. Når ein murte eldstader var det vanleg å bruka leire og naturstein.
På Tvildemoen har VKA bygt ei lafta smie og i ein kursserie i leirmuring våren 2023 skal vi mure esse og skorstein i smia. Det vil bli gitt opplæring i både teoretisk og praktisk muring.
Det blir 4 kurs:
Kurs 1: 17. - 19.02.2023
Kurs 2: 27.02 - 01.03.2023
Kurs 3: 17. - 19.03.2023
Kurs 4: 25. - 26.03.2023
Du kan gå på eitt eller fleire kurs - det er opp til deg. Dette er ein unik sjanse til å læra seg å tradisjonell muring med naturstein og leire.
Kurspakke gir redusert pris:
1 kurs kr 4 900
Kurspakke:
2 kurs kr 8 000 (kr 4000 per kurs)
3 kurs kr 10 500 (kr 3 500 per kurs)
4 kurs kr 12 000 (kr 3000 per kurs)
Det får kaffi/te og enkel lunsj kvar dag under kurset.
Her kan de lesa meir om leirmuring:
https://www.byggogbevar.no/.../mur/artikler/a-mure-med-leire
Instruktør
Kjetil Monstad med erfaring frå muring med naturstein og leire
Målgruppe
Handverkarar, huseigarar og andre med interesse for tradisjonelle handverk
Påmelding
post@kulturakademi.no
Gje opp følgjande:
namn, adresse, mobilnummer, epost og fødselsår
Arrangør:
Vestnorsk kulturakademi
Info:
Dagleg leiar Atle Ove Martinussen
90368990
post@kulturakademi.no
Velkommen til spennande kursdagar på Tvildemoen
Bildet over er frå Odlandsmio i Meland og henta frå boka Navarsmeden av Tine Eikehaug.