Tilbake til alle arrangementer

Bygningsvernkurs i skifertekking


Valdresmusea inviterar nok ein gong til kurs i skifertekking - denne gongen på Stølsvidda i Valdres! Praktisk arbeid alle dagar, foredrag og synfaring til Skiferbergo i Rogne fredag kveld.

Instruktør: Odd Arne Rudi, tidlegare taktekkjar med lang erfaring ifaget.

Målgruppe: Handverkarar, huseigarar og andre.

Stad: Gauklie i Ulnes sameige, på Stølsvidda i Valdres

Tid: 25. til 27. juni, kl. 9.00 til kl. 16.00 kvar dag. I tillegg kjem foredrag og synfaring til Skiferbergo i Rogne (totalt 24 timar).

Kostnad: Kr 2500,- (kr 2200,- for medlemmar i Verne Vøla, Fortidsminneforeningen, eller dei som har årskort for Valdresmusea). Deltakarane tek med eigen mat.

Meir informasjon om både dette og dei andre bygningsvernkursa ved Valdresmusea kan du få ved å kontakta bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi tlf. 976 89 065, odd.arne.rudi@valdres.museum.no

Påmelding til Odd Arne Rudi, sjå kontaktinfo over, innan 10. juni.

Arrangør: Valdresmusea as. I samarbeid med Verne-Vøla og Valdres Natur og Kulturpark.

Med pengestønad frå Oppland Fylkeskommune og Norsk Kulturminnefond.

Forrige
Forrige
22. juni

Kreativt "Holdbart" sommerkurs, 8-15 år

Neste
Neste
26. juni

Rosemalingskurs