Gyllenlêr vert mellom anna nytta til bokbind, mapper, vesker, lommebøker, smykke og bokmerke. På kister, skrin, peispustar og etui. Til sko, messehakel, ikon, krakkar og stolar. Som tapet, dekor i nisjer i vegg, og på skap og dører. Og til dømes ramma inn som bilete. Gyllenlêr er garva skinn der ein arbeider inn eit mønster som vert ståande i relieff. Skinnstykket vert dekka med bladmetall og malt med oljefargar på ein måte som tek vare på gløden i metallet.
Mål: Kurset skal gje deltakarane grunnleggande innføring i kunsten å skapa gyllenlêr.
Ant. timar 40
Spesielle krav: Ikkje anna enn eit ønskje om å læra dette kunsthåndverket
Studiematriell: Her kjem meir informasjon
Arbeidsform: Det blir fellesundervisning, demonstrasjon, mye praktisk arbeid, individuell hjelp og rettledning.