Tilbake til alle arrangementer

Hest og skogsdrift - Treseminaret 2021


  • Hjerleid skole- og håndverkssenter Jøndalsvegen Dovre, Innlandet, 2662 Norway (kart)

TREseminaret er eit samarbeid mellom Senter for bygdekultur, Hjerleid handverkskole, Dovre handverkssenter, Norges husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon

TIDSPUNKT:
Veke 16,måndag 19.april, kl.11.00 – torsdag 22.april kl.17.00 2021
Kursavgift: 6 050 kr. Alle måltid + drikkekopp i tre er inkludert i kursavgifta
30% i studentrabatt

KURSSTAD:
Hjerleid

KURSINNHALD:
Bli med på heile prosessen frå treet står på rot i skogen, til tømmeret blir køyrt fram med hest. Deltakarane er med på befaring i skogen for å velje ut trær med riktig kvalitet i høve til bruksområdet, blinkar/plukkar trea ut og feller. Val av køyreteknikk må gjerast ut frå terreng og føre. Ein del blir teke ut som tynningsvirke. Her går vi gjennom prinsippa for oppbygging av "emneskogen". Det skal plukkast ut både skigardstaur, kornstaur, gjerdestenger, skived, eldved, gangstre, langtømmer og skurdtømmer.

Deltakarane får kunnskap om reiskap, hesten, planlegge køyring, sikkerheit og løfteteknikkar.

UTSTYR:
Vernesko, skogsøks, arbeidsklede, hanskar, sikkerheitsutstyr (hjelm), tømmersaks (dersom du har)

KURSLÆRARAR:
Felle tre med handreiskap: Steinar Moldal
Køyre fram tømmer med hest: Jo Kåre Bakke

KURSKRITERIER:
Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar.

Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

PÅMELDINGSFRIST:
Senest fredag 25. mars 2021.

Etter fristen må kursavgift betalast.

Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

ANNA:
TREseminaret på Dovre tilbyr kurs med fokus på tradisjon, teknikk og kunnskap innan tre og tradisjonshandverk.TREseminaret vil gje deg som deltakar eit solid fagleg utbytte, og gje eit høve til å møte andre med felles interesser og i same bransje.Du kan byggje nettverk for deg sjølv eller bedrifta di, og ha det hyggeleg i inspirerande omgjebvnader.
Seminaret går av stabelen i veke 16 og 17 dette året, og blir arrangert for 16. gong i 2021.

For påmelding og meir informasjon: https://www.treseminaret.no

Forrige
Forrige
15. april

Husflidsdagen 2021 - Inspirasjonskveld

Neste
Neste
20. april

Foredrag om kalk - Brenning på to vis