Tilbake til alle arrangementer

Kurs i pilfletting, med Klara Pil og Raulandsakademiet


  • Raulandsakademiet Norway (kart)

Dette kurset høver både for nybyrjarar og øvde innan pilflettingskunsten. Pil er eit inspirerande materiale å jobbe med.

Det blir undervist i grunnelggande teknikkar i korgfletting, både runde og ovale korger: •Kimning •Forskjellige sideflettingar •Nedleggeing av kant  •Påsetting av hank.

Dei som ynskjer det kan og lage katalanske korger. Det blir ei spanande og annleis korg som passer veldig godt til små nette arbeid. For de øvede vil det og bli mulighet til å nytte andre matereialer enn pil i kurven. En dag av kurset får du høve til å flette inspirerande fletterier til hagen. Kursdeltakarane kan ta med eige verktøy eller du kan og låne eller kjøpe av Klara Pil. Av praktiske årsaker må Klara Pil ha antal påmeldte seinast 2 veker før kursstart. Da blir pilen lagt i bløyt så han er klar til kurset. www.klarapil.no  Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 15.

Kurslærer: Klara Pil
Påmeldingsfrist: 17. mai 2021.

KURSPLAN:

Mål: Å lære dei grunnleggande teknikkane innan korgfletting med pil.

Ant. timar m/lærar: 42

Spesielle krav: Kurset høver for nybyrjarar.

Hvis du har flettet litt og har lyst på nye utfordringer vil du finne inspirerende dager på dette kurset.

Innhald/dagsplan:

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Studiematriell:

Ta med skarp kniv, hagesaks, bankejern, kraftig syl og gjerne eit lodd..

Det mogeleg å låne frå lærar for dei som ikkje har verktøy sjølve.

Lærar har bøkar og verktøy til salgs.

Materialforbruket er litt vanskeleg å si noko om då det  vil vera veldig forskjellig kor mykje kvar  einskild flettar. Så dersom vi seier at det kan bli frå ca 500,- til  ca 900,- alt etter kor ivrig ein er og kor  store ting ein flettar.

Du kan få kjøpt verktøy på kurset: Verktøy priser:

Saks  370,-

Syl 490,-

Kniv  250,-

Arbeidsform:

Alle startar kurset med å flette ein rund botn som kan vera utgangspunkt for mange flotte korger.

Ut frå fletteeigenskapane kan deltakarane flette korger etter eige ynskje.

Undervisninga vil bli meir individuell ettersom kurset går framover.

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Lærar: Klara Pil
Tlf.:995 56 346

Verkstad adresse: Kvartsvegen 1, 4347 Lye

Postadresse: Fjellvegen 1, 4347 Lye

E-post: post@klarapil.no

Facebook: Klara Pil 

Webadresse: https://www.klarapil.no

Forrige
Forrige
28. juni

Smiing av knivblad og eggverktøy, med Ola Svensson og Raulandsakademiet

Neste
Neste
28. juni

Kurs i Treskjæring uke 26