Tilbake til alle arrangementer

Kurs i tørrmuring i Sauda


  • Svandalsfossen Sauda Norge (kart)

Ryfylkemuseet inviterer til vekeslange kurs i tørrmuring med oppstart 29. august, 5. september eller 12. september. 

Sjå vedlagt invitasjon eller nettsida vår for fleire detaljar og påmelding: https://ryfylkemuseet.no/events/kurs-i-torrmuring/

Kurset er eit tilbod som spring ut av Ryfylkemuseet si satsinga på tradisjonshandverk. Statens vegvesen samarbeider gjennom Nasjonale Turistveger med museet om å restaurere grunnmurane etter oppgangssaga ved Svandalsfossen i Sauda kommune. Sjølve saga er for lengst borte, men grunnmuren står att. Delar har rast ned, og den skal settast i stand. Tørrmurar Arne Frode Lilleås vil leie arbeidet og er fagleg ansvarleg for kurset. Lilleås har lang erfaring med opplæring, kursing og muring, som til dømes murararbeid ved Almannajuvet i Sauda kommune.

Me opnar opp for at seks kursdeltakarar kan arbeide saman med våre tradisjonshandverkarane kvar av vekene. Deltakaravgifta er 50% for lærlingar.

Kurset i tørrmuring er i utgangspunktet eit tilbod til handverkarar i Rogaland, med særskilt fokus på kommunane i Ryfylke.

Me vil sette opp ventelister og vil også opne opp for andre deltakarar dersom det er ledig plassar.

 

Venleg helsing
Lise Johnsen
Bygningsvernrådgivar
+47 976 16 051
lise.johnsen@ryfylkemuseet.no

Forrige
Forrige
9. september

Kurs i kalking av grunnmur

Neste
Neste
15. september

Kurs i utskifting av tømmer