Tilbake til alle arrangementer
Korgmakar Hege Iren Aasdal Wiken kjem til museet og lærer vekk tradisjonell fletting av vedmeis.
Vedmeisa er ei korg som tradisjonelt blei laga i Hedmark, og her har dei hatt ein heilt spesiell tradisjon for å lage "meis". Flettematerialet er laga av splitta selje. Det er ei flott korg som er både morosam og tidkrevjande å lage. Dette kurset går over 4 dagar.
Hege har med seg Samson Øvstebø som tidlegare har vore kursleiar i kipebinding på museet.
Bli med på eit sosialt og lærerikt kurs!
Pris: kr. 2900,- + kr 700,- (materialkostnadar)
For spørsmål og påmelding, send ein e-post til sum@misf.no eller ring 57 72 12 20.
Påmeldingsfrist (bindande påmelding): 2. oktober 2020.