Tilbake til alle arrangementer

Laftekurs


  • Valdres Folkemuseum 27 Tyinvegen Fagernes, Innlandet, 2900 Norway (kart)

KURSINNHALD

På kurset skal me lære å lafte. Det blir mest praktisk arbeid men også noko teori. Me kjem inn på fleire typer lafteteknikkar. Arbeidet vil skje på små hus som har vore lafta på på tidlegare kurs. Det vert også runder på museet sitt anlegg, der me skal få vera med og leita etter verktøyspor, og sjå på ymse laftemåtar, frå 1300-talet og fram mot vår tid. Det er ikkje nødvendig med kunnskap om lafting frå før. Les meir om lafting her.

INSTRUKTØR: Tradisjonshandverkar Håvar Aabol

TID: 10.-15. juni 2024 (40 timar over 5 dagar) (måndag t.o.m. laurdag)

Oppstart 9.00 fyrste dagen, elles 8.00 – 16.00. Avslutning 15.00 siste dagen. Dagane startar gjerne med ein liten teoretisk gjennomgang, elles vil det gå i praktisk lafting. Laudagen blir det open handverkar-/marknadsdag der det kjem også andre handverkarar. Det vil også bli salgsboder med lokalprodusert mat og anna.

STAD: Valdres Folkemuseum

PRIS: Ungdom kr 2.600, vaksne kr 5.300 (rabattpris: 4.000 for medlemmer av Verne-Vøla då lokallalaget av Fortidsminneforeningen støtter kursa økonomisk). Prisen inkluderer materiell. 

PÅMELDINGSFRIST: 27. mai

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Forrige
Forrige
25. mai

Brikkevev

Neste
Neste
17. juni

Laftekurs