På dette kurset kan du enten bygge nytt eller restaurere/skifte ut stokkar på eit gamalt laft.
Hent tømmer i eigen skog og bygg ei lita bu! På kurset kan du setje opp di eiga hytte (sjølvbyggar), eller du kan vere vanleg kursdeltakar der du er med og byggjer ei anna hytte. Dersom du vil vere sjølvbyggar, må du halde teikning og virke sjølv. Max storleik på lafta hytte 20 m2. Du vil rekke å kome godt i gang med veggane på hytta, men vil trenge meir tid for å bli ferdig. Du får opplæring i materialval, dimensjonering og kvalitetskrav og i bruk og oppsetjing av verktøy. Deltakarane må ha med eige handverktøy og verneutstyr. Du kan leige lafteverktøy, kr 300.-.
Det er høve til å arbeide vidare med lafting om kveldane. Ottar Romtveit er byggmeistar og arbeider profesjonelt med lafting. Kurset varer 2 veker.
Kursplan:
Mål: Å gje deltakarane innføring i lafting og/eller restaurere laft.
Ant. timar med lærar: 80
Spesielle krav: Ingen
Innhald/dagsplan:
Vi startar med gjennomgang av verktøy og oppsetting av verktøy.
Deretter tek vi for oss ulike teikningar og arbeidsoppgåver.
Kvar einskild bør laga sin eigen arbeidsplan. Dette er viktig for å få godt utbytte av kurset og god framdrift.
Dagane går til mykje praktisk arbeid, «øving gjer meister». Teori og diskusjon om ymse problemstillingar ettersom me arbeider oss framover.
Kvar dag er det høve til å arbeide på eige hand utover kveldane.
Studiemateriell:
Du kan velje om du vil bygge di eiga hytte eller om du vil vera vanleg kursdeltakar og medhjelper på eit anna bygg.
Kursdeltakar som skal vera sjølvbyggar må ha teikning og material klare i god tid før kursstart. Det er høve til å laste av laftematerial på kursstaden nokre dagar før kursstart.
Dei som ikkje har ferdig teikning og materialliste må ta kontakt med lærar. Deltakar bør ha skisse eller ide på det bygget dei vil lage. Hytta må ikkje vera større enn 20 rutemeter. Ottar Romtveit kan etter nærare avtale lage teikning og materialliste.
Vil du arbeide med restaurering? Må det skiftast ut stokkar på eit laft? Ta kontakt med Ottar for diskusjon omkring prosjektet og korleis ein kan løyse ting.
Deltakarane må ha ein del handredskap: snikkarsag, hoggjern 38 millimeter, vater, slirekniv, høvel, krittsnor, tommestokk og blyant. Ta med motorsag dersom du har.
Lafteverktøy: lita og stor bile, sudkniv (medragskniv) bandkniv,
Om du ikkje har lafteverktøy er det høve til å leige det for 300 kr.
Du kan og bestille det frå smeden vår, Øyvind Klausen, Fyresdal: https://www.norheimsmia.no/ OBS. Bestilll i god tid før kursstart.
Ta med skrivesaker
Du må ha verneutstyr, vernesko, vernebukse, hjelm og øreproppar eller øreklokker.
Forsikring og forsiktighetsreglar.
All bruk av maskinar og utstyr er på eige ansvar. Gjer deg kjend med forsiktighetsreglar på arbeidsplassen.
Vi gjer merksam på:
• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Arbeidsform: Ein del teori, men mest praktisk arbeid
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Lærar: Hans Petter Musum
Tlf.: 416 42 024
E-post: hpmusum@outlook.com