Bli med på å bygge nytt trehøgdeloft i Setesdal!
Agder fylkeskommune og Setesdal bygningsvernsenter inviterar
handtverkarar til deltaking i forsknings- og kompetansehevingsprosjekt på
trehøgeloft i Setesdal.
Det skal byggast eit nytt trehøgdeloft
på Rysstad i Setesdal på 1500-tals vis. Loftet frå Nomeland på Kristiansand
friluftsmuseet er utgangspunktet.
Laftehogg, materialbearbeiding og verktøybruk skal utførast så autentisk som mogleg.
Målet er å auke kunnskapen og forståinga for byggeprosessen,
samt bidra til å samle kompetansemiljø på tvers av fylkesgrensene.
Prosjektet vil gå føre seg over totalt 12 arbeidsveker.
Handtverkarar kan melde seg på for å vere med på prosjektet i to veker om gonga,
der ein kvar veke vil få samarbeide med nye handtverkarar. Alle vil delta i to periodar på 2 veker,
totalt 4 arbeidsveker. Ein vil alltid arbeide saman med tre andre.
Dersom ynskjeleg, vil ein forsøke å arbeide inn kvar fredag for å utnytte dagane.
Prosjektet vil samle 12 deltakarar. Det er ein fordel om ein har kjennskap til lafting og antikvarisk arbeid.
Arbeidet vil foregå ved Setesdal bygningsvernsenter på Rysstad i Valle kommune.
Anders Dalseg og Leif Røysland ved senteret vil leie arbeidet.
Deltakarar får kompensert 2000kr per dag for tapt arbeidsinntekt.
Prosjektet stiller med gratis overnatting i arbeidsperiodane.
Undervegs vil det verte arrangert eigne fagdagar på f.eks spretteteljing,
verktøybruk mm. som vil verte opne for alle.
Oppstart for første handtverkargruppe vert
måndag 17. April 2023.
Første prosjektsperiode:
Veke 16, 17 og 18. (april/mai)
Andre prosjektperiode:
Veke 42,43,44 og 45 (oktober/november)
Tredje prosjektperiode:
Veke 2,3,4,5 og 6 (januar/februar 2024).
Påmelding og meir informasjon finn du her:
https://agderfk.pameldingssystem.no/trehogdeloft
Frist: 15. Mars