Tilbake til alle arrangementer
Godt verktøy er føresetnaden for godt handverk. Vidare er det bruken av tradisjonsverktøya som i stor grad definerer faga si eigenart. Med det maritime verktøyseminaret ynskjer vi å verta betre kjend med handverka gjennom verktøya og arbeidsmåtane som følger dei. Seminaret hendvendar seg til folk som til dagleg arbeider med tradisjonshandverk i båtar og bygg. Vi har gleda av å invitera deg til årets verktøyseminar kor vi vil gå i djupna på framstilling og bruk av trenaglar. Vi har fått med oss Øyvind Vestad frå Romsdalsmuseet som har teke si bacholoroppgåve nettopp på årets tema. Som på dei andre verktøyseminara vil vi laga ei utstilling av reiskap som er knytt til framstilling av trenaglar.