Tilbake til alle arrangementer

Pilfletting


Dette kurset høver både for nybyrjarar og øvde innan pilflettingskunsten. Pil er eit inspirerande materiale å jobbe med.

Det blir undervist i grunnelggande teknikkar i korgfletting, både runde og ovale korger: •Kimning •Forskjellige sideflettingar •Nedleggeing av kant  •Påsetting av hank.

Dei som ynskjer det kan og lage katalanske korger. Det blir ei spanande og annleis korg som passer veldig godt til små nette arbeid. For de øvede vil det og bli mulighet til å nytte andre matereialer enn pil i kurven. En dag av kurset får du høve til å flette inspirerande fletterier til hagen. Kursdeltakarane kan ta med eige verktøy eller du kan og låne eller kjøpe av Klara Pil. Av praktiske årsaker må Klara Pil ha antal påmeldte seinast 2 veker før kursstart. Da blir pilen lagt i bløyt så han er klar til kurset. www.klarapil.no  Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 18. mai

Kursplan:

Mål: Å lære dei grunnleggande teknikkane innan korgfletting med pil.

Ant. timar m/lærar: 42

Spesielle krav: Kurset høver for nybyrjarar.

Hvis du har flettet litt og har lyst på nye utfordringer vil du finne inspirerende dager på dette kurset.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag: Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245.

Sundag: kurs 0830-1500

Studiematriell:

Ta med skarp kniv, hagesaks, bankejern, kraftig syl og gjerne eit lodd..

Det mogeleg å låne frå lærar for dei som ikkje har verktøy sjølve.

Lærar har bøkar og verktøy til salgs.

Materialforbruket er litt vanskeleg å si noko om då det  vil vera veldig forskjellig kor mykje kvar  einskild flettar. Så dersom vi seier at det kan bli frå ca 500,- til  ca 900,- alt etter kor ivrig ein er og kor  store ting ein flettar.

Du kan få kjøpt verktøy på kurset: Verktøy priser:

Saks  370,-

Syl 490,-

Kniv  250,-

Arbeidsform:

Alle startar kurset med å flette ein rund botn som kan vera utgangspunkt for mange flotte korger.

Ut frå fletteeigenskapane kan deltakarane flette korger etter eige ynskje.

Undervisninga vil bli meir individuell ettersom kurset går framover.

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Pris: Kurs kr. 6300.-
Opphald og mat i 6 døgn kr. 6900,- (Kr 1150 per døger, kurspakke)

Lærar: Klara Pil
Tlf.:995 56 346

Verkstad adresse: Kvartsvegen 1, 4347 Lye

Postadresse: Fjellvegen 1, 4347 Lye

E-post: post@klarapil.no

Facebook: Klara Pil 

Webadresse: https://www.klarapil.no

Forrige
Forrige
29. juni

Snekkarkurs for ferskingar

Neste
Neste
29. juni

Biletvev