STAD: Skimuseet i Holmenkollen
TID: 7. desember, kl. 10:00-16:30
PÅMELDING: Påmelding innen 25. november til skimuseet@skiforeningen.no
TEMA:
Ski er ein viktig del av Noregs kulturarv. Skia var viktige fordi folk kunne bevege
seg over store avstandar på vinterstid, og skia var nødvendige i jakt og arbeid. I dag er skia viktige for rekreasjon, trening og underhaldning. Ordet ski betyr kløyve, dele, splitte, som regel med øks. Denne enkle teknikken forsvann utover 1900-talet, og det vart ein industrialisering av skiproduksjonen. Heilvedskia vart byttet ut med laminerte treski, og etter kvart kunststoff- eller komposittski.
I dag er kunnskapen om gamlemåten å lage og bruke treski på lite kjent og ein viktig tradisjon er i ferd med å forsvinne. Ski og skimakerforeininga arrangerer seminaret for å gi skitradisjonen eit nytt moment og synleggjere at bruk av treski også er liv laga i nyare tid. Vi arbeider for å synleggjere tradisjonen som eit kulturuttrykk i samtida. Treskimaking og bruk av treski handlar om å vere ute i naturen på ein nær og klimavenleg måte
MÅL:
Auka medvit om og refleksjon over treskitradisjonen. // Verne om kunnskap, ferdigheiter og praksis knytt til ski og skimaking. // Inspirere til bruk av treski, utvikle og styrke skimakingsmiljøet. // Invitere relevante institusjonar til samarbeid om forsking og formidling av treskitradisjonen.
PROGRAM:
09.30 Registrering
10.00 Åslaug Midtdal og Tarjei Gjelstad - Velkomen
10.10 Thor Gotaas - Skihistorie
11.00 Thomas Aslaksby og Tarjei Gjelstad - Kunsten å bæres av snøen – skimaking og skiløping sin kunst.
11.50 Terje Planke - Treskiopplevingar, bygge og bruke sine eigne treski
12.15 Matpause
13.15 Dag Feldborg - UNESCO som veiviser i kulturvern
13.45 Medley
Torje Bjellaas
I nærkontakt med elementa – ei biletforteljing med treski på beina.
Endre Hals
High tech ski – Kva ski var, er og kan bli.
Åslaug Midtdal
Hvordan formidle treskikunnskap i en museal kontekst.
Kjell Bitustøyl
Sørsamiske ski – ein jokar i skihistoria
Nils Faarlund
Låm i løssnø på treski: En dannelsesreise for en naturvennlig fremtid
Emma Moe Tennebø og Rolf Robin Westli
Naturnært håndverk i friluftsliv. Opplevelsen av å ferdes ute
15.00 Dag Feldborg - Introduksjon gruppearbeid
15.10 Alle - Gruppearbeid
15.50 Einar Stamnes - Oppsummering
16.20 Avslutning - Tarjei Gjelstad og Åslaug Midtal. Prosjekt treski i skulen og treskikurs.
Takk til Sparebankstiftelsen DNB