Tilbake til alle arrangementer

Stolpeskurd


  • Raulandsakademiet Norway (kart)

Lag dine eigne prydstolper eller portaler! På dette kurset lærar du stolpeskur, skjulpeskur og lykkeskur.

Det er høve til å arbeide vidare om kveldane. Ottar Romtveit er byggmeistar og arbeider profesjonelt med lafting.

Kurslærer: Ottar Romtveit.
Påmelding til Raulandsakademiet innen 31. mai 2021.

Kursplan:

Mål: Å gje deltakarane innføring i lafting og/eller restaurere laft.

Ant. timar med lærar: 42

Spesielle krav: Ingen

Innhald/dagsplan:

Vi startar med gjennomgang av verktøy og oppsetting av verktøy.

Deretter tek vi for oss ulike teikningar og arbeidsoppgåver.

Kvar einskild bør laga sin eigen arbeidsplan. Dette er viktig for å få godt utbytte av kurset og god framdrift.

Dagane går til mykje praktisk arbeid, «øving gjer meister». Teori og diskusjon om ymse problemstillingar ettersom me arbeider oss framover.

Kvar dag er det høve til å arbeide på eige hand utover kveldane.

 

Studiematriell:

Ta kontakt med Ottar for å planlegge prosjektet og avtale kva slags material du skal ha med.

Deltakarane må ha ein del handredskap: snikkarsag, hoggjern 38 millimeter, vater, slirekniv, høvel, krittsnor, tommestokk og blyant. Ta med motorsag dersom du har.

Ta med skrivesaker.

Du må ha verneutstyr, vernesko, vernebukse, hjelm og øreproppar eller øreklokker.

Forsikring og forsiktighetsreglar. All bruk av maskinar og utstyr er på eige ansvar. Gjer deg kjend med forsiktighetsreglar på arbeidsplassen.

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Ein del teori, men mest praktisk arbeid

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Lærar: Ottar Romtveit

Tlf.: 35073237, 97548514

Adresse: 3864 Rauland

E-post: o-romtv@online.no

Forrige
Forrige
12. juli

Møbeltapetsering, II

Neste
Neste
12. juli

Veving - Kom i gang II