Tilbake til alle arrangementer

Tømmer i skogen blir til material. Valdresmusea


Tømmer i skogen blir materialar til huset!

Tidspunkt: Torsdag 27. og fredag 28. oktober kl.9.00

Kvar: Buvassvegen 18 (+ 100 m > trelastlager på høyre hand), Begnadalen

Program torsdag

Kl. 9.00: Oppmøte, presentasjon, kaffi

Kl. 9.30: «Saketveksande skog» ved Skogeigar Knut Lundem Hougsrud

Kl. 11.00: Lønsj ved bålet i skogen

Kl.12.00: Skogvandring med Knut Lundem Hougsrud og Steinar Moldal

Kl. 13.30: «Bygdesagene, ein viktig aktør i lokal foredling», med Inger-Marie Svingeset og

Ivar Grøndahl frå Norsk Bygdesagforening

Kl. 16.00: Slutt

Kvar: Heggebygde

Program fredag

Kl. 8.00: Oppmøte i Heggebygda i Øystre Slidre (møtestad vert avtala torsdagen)

Skogvandring hjå Torger Hegge med Steinar Moldal

Kl. 11.00: Lønsj ved bålet i skogen

Kl. 12.00: Skogvandring med Steinar Moldal

Kl. 16.00: Slutt

I løpet av kurset ser me på variasjonane i skogen frå sør i Valdres, i Begnadalen i Sør-Aurdal til

tregrensa mot fjella i Øystre Slidre.

På båe plassane kan me venta oss å finna seinvokse tømmer av god kvalitet. Men er det likevel

forskjellar?

Kva kan me lesa av treet når det står på rot, kva type materialar kan me få av desse ranke flotte gran-

og furu-stammane. Og kva kan den krokete furua nyttast til?

Når på året skal hogst skje, og kor gamalt bør treet vera? Kva er god materialkvalitet?

I skogen til Torger Hegge skal me finna att tre som vart skada for kanskje så mykje som for 25 år

sidan; det vart både ringbarka og flekkbarka, og på nokre tre vart toppen teken av.

Korleis har trea klart seg gjennom alle desse åra?

Me håpar å få til gode diskusjonar rundt temaet, for; det er sjeldan berre eit svar som er rett!

Pris: kr. 2.400, - For medlemmar i Fortidsminneforeningen og dei med årskort for Valdresmusea

kostar det 2.100, -. Betalast inn på konto 2070 05 01524 ved påmelding. Merk «Skogsamling»

Forrige
Forrige
30. september

Kurs i dekormaling

Neste
Neste
27. oktober

Kurs i Vindusrestaurering. Valdresmusea