Tilbake til alle arrangementer

Kurs i Treskjæring uke 24


  • 103 Seljesetvegen Hornindal, Møre og Romsdal, 6763 Norway (kart)

Er du interessert i treskjæring er dette kurset for deg! Kurset går i Treskjerarverkstaden i Hornindal

KURSBESKRIVELSE

Kurset høver godt om du er nybegynnar eller vidarekomen som treng faglig påfyll og inspirasjon for vidareutvikling. Kursdeltakarane får for det meste individuell undervisning etter ynskje og behov, i tillegg til fellesundervisning.
Kurset tek for seg mange av triksa for effektivt å kunne meistre teknikkane. Forståing av logikk, linjeføring og spenst i djupta er vesentlege delar av undervisninga.
På kursa vert det lagt vekt på akantus, men og andre stilartar om ynskjeleg. Det er og høve til å prøve seg på biletskjering (relieff).
Det vert også vist slipeteknikk og kor viktig det er å ha rett form på slipefasen for å lettare få full kontroll ved føring av jernet.
Treskjering er eit handverk med lange tradisjonar i Hornindal og mange av kursdeltakarane kjem att år etter år.
Kvart kurs har åtte studieplassar som vert fortløpande oppfylt etter kvart som påmeldingane kjem inn.

På kursa vert det gjennomgang av

  1. Sliping av treskjerarjern, grovsliping, rett form, finsliping og polering

  2. Val av emne

  3. Påteikning mønster

  4. Nedbotning

  5. Gjennomskurd, saging med Hegner kontursag.

  6. Bruk av jern- og klubbeteknikk

  7. Motved og medved

  8. Grovskjering og finskjering

  9. Forståing av ornamentikk, bevegelse og linjefæring.

  10. Bakskjering

  11. Skjering av barokk og akantus, evt. andre stilartar

  12. Høve til relieff skjering med perspektivlre

  13. Individuell undervisning etter ynskje og behov

INSTRUKTØR

Rolf Taraldset, biletskjerar og treskjerarmeister. Rolf har halde mange kurs både i inn- og utland

For mer informasjon trykk her

Forrige
Forrige
12. juni

Sy klede etter eigne mål, digitalt

Neste
Neste
16. juni

TREinord - Ulike bygningsvern kurs