Filtrerer etter: «Tor Meusberger»

sep.
24.
til 25. sep.

Kurs i komposisjons- og linoljemåling og limfarge i Kvanndal

Vestnorsk Kulturakademi i samarbeid med Fortidsminneforeininga Voss lokallag, arrangerer kurs i komposisjons-og linoljemåling og limfarge.

Ein skal primært laga og bruka komposisjonsmåling i gul oker, men vil også læra å laga limfarge.

Det vil også verta ein gjennomgang av bruk av linoljemåling. Etter kurset skal du kunna laga og bruka tradisjonsmåling sjølv. Du vil oppdaga at det ikkje er så vanskeleg verken å laga eller bruka denne målinga.

https://www.gamletrehus.no/butikk/maling-og-overflatebehandling/ingredienser-til-komp-maling

Instruktør er målarmeister Tor Meusberger

Me startar kl 10:00 laurdag 24. september og held på til kl 16:30
Sundag startar me klokka 09:00 og held på til kl 16:00

Kursavgift: kr 1800 inkludert mat

Påmelding : post@kulturakademi.no
Gje opp namn, adresse, mobilnummer, epost og fødselsår

Spørsmål : Atle Ove Martinussen mob 903 68 990

Vel møtt!

Vis arrangement →