Haakon+portrett.jpg

Haakon Aase

Tradisjonsmurer

haa-aase@online.no
918 71 129, 561 79 015

Alver (Vestland)

Facebook

“Siste om lag 20 år jobba profesjonelt med tørrmuring. Oppretta eige firma i 2003. Tek oppdrag både med reising av nye murar og reparasjon og restaurering av gamle, ofte verneverdige, anlegg.

Har prøvd å byggja kompetanse rundt heile spekteret av bruksområde der tørrmuring har vore/er aktuelt, dvs. tørrmura konstruksjonar både brukt i bygningar (grunnmurar, kjellarmurar, levegger, jordkjellarar etc.) og som landskapselement (lad, bakkemurar, kisteveiter, kaiar, vegmurar, hellebruer, kvelvbruer, trapper etc.).

Har også jobba med eldstader (peisar, gruer, smieavlar) bygde med naturstein og leiremørtel, og i seinare tid noko arbeid med kalkmørtel. Har per i dag to tilsette murarar, og frå tid til anna 3 – 5 faste samarbeidspartnerar som jobbar på dei delar av faget. Driv også med ein god del konsulentarbeid (rådgjeving, tilstandsvurderingar, tiltaksplanar m.m.), har drive mykje med opplæring og held stadig også ein god del kurs..”


— Haakon Aase