Tilbake til alle arrangementer

Kurs i perspektivteikning, 3 kvelder.

  • Valdres Folkemuseum 27 Tyinvegen Fagernes, Innlandet, 2900 Norway (kart)

KURSINNHALD

Me har lenge hatt lyst til å kunne læra bort teikning knytt til bygningar og bygningsvern. No blir det alvor av det. Kunstnar Torill Glimsdal har sagt seg viljug til å vegleia oss gjennom dei mest grunnleggande teknikkane. Det blir leikande øvingar med enkle strekar og forsvinningspunkt. Me tek utgangspunkt i nokre av dei gamle bygningane på Valdres Folkemuseum og ser på detaljar og løysingar.

Illustrasjonsbiletet er frå 2016 og viser teikningar laga av ungdomsskuleelevar i Nord-Aurdal.

INSTRUKTØR: Kunstnar Torill Glimsdal

TID: Kurset går over 3 kveldar 6., 13. og 20. mars frå 18.00 til 21.00. Det blir servert kaffi, te og litt og bite i undervegs

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: 23. februar

PRIS: Under 26 år kr 1000,-, vaksen kr 1800,- (rabattpris: kr.1.500,- for medlemmer av Verne-Vøla og dei med årskort for Valdresmusea). Prisen inkluderer materiell

MÅLGRUPPE: Kurset passar for alle over 13 år, anten du har erfaring eller ikkje.

TA MED: Du treng ikkje ta med deg noko, men om du har teikneutstyr er det fint om du tek det med

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Forrige
Forrige
1. mars

Fukt- og soppskader i bygninger

Neste
Neste
15. mars

Smiing av munnharpe