Filtrerer etter: «Valdresmusea»

Taktekking med Valdresskifer
jun.
28.
til 30. jun.

Taktekking med Valdresskifer

Velkommen til kurs i tekking med Valdresskifer. Det er lange tradisjonar for bruk av skifer på tak i Valdres. Kurset gir både teoretisk innsikt og praktisk arbeid. Vi tek også turen til Skiferbergo i Øystre Slidre for å lære om korleis skiferen før vart tatt ut av berget. 

INSTRUKTØR: Bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi

TID: 28.-30. juni 2024 (24 timar). Kurset går over tre dager inkl. ein kveld.

STAD: Nøsen, Stølsvidda

PRIS: Under 26 kr 1500. Vaksne kr 3600 (kr 3000 for medlemmar i Verne-Vøla, eller dei som har årskort for Valdresmusea). PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra.

MÅLGRUPPE: Huseigarar, handverkarar og andre interesserte. Kurset passar for alle som er interessert i tradisjonshandverk, uansett fagleg nivå.

PÅMELDINGSFRIST: 10. juni

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar.

Vis arrangement →
Kurs i perspektivteikning, 3 kvelder.
mar.
6.

Kurs i perspektivteikning, 3 kvelder.

KURSINNHALD

Me har lenge hatt lyst til å kunne læra bort teikning knytt til bygningar og bygningsvern. No blir det alvor av det. Kunstnar Torill Glimsdal har sagt seg viljug til å vegleia oss gjennom dei mest grunnleggande teknikkane. Det blir leikande øvingar med enkle strekar og forsvinningspunkt. Me tek utgangspunkt i nokre av dei gamle bygningane på Valdres Folkemuseum og ser på detaljar og løysingar.

Illustrasjonsbiletet er frå 2016 og viser teikningar laga av ungdomsskuleelevar i Nord-Aurdal.

INSTRUKTØR: Kunstnar Torill Glimsdal

TID: Kurset går over 3 kveldar 6., 13. og 20. mars frå 18.00 til 21.00. Det blir servert kaffi, te og litt og bite i undervegs

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: 23. februar

PRIS: Under 26 år kr 1000,-, vaksen kr 1800,- (rabattpris: kr.1.500,- for medlemmer av Verne-Vøla og dei med årskort for Valdresmusea). Prisen inkluderer materiell

MÅLGRUPPE: Kurset passar for alle over 13 år, anten du har erfaring eller ikkje.

TA MED: Du treng ikkje ta med deg noko, men om du har teikneutstyr er det fint om du tek det med

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Vis arrangement →
Slipekurs
feb.
10.
til 11. feb.

Slipekurs

KURSINNHALD

Har du skarpt verktøy går arbeidet som ein leik! Velkommen til helgekurs i sliping av verktøy. Skal arbeidet bli bra må du ha reiskap som bit. Altfor ofte er det dårleg egg på bila, øksa eller kniven. Men dette går det an å gjera noko med. Instruktørar er handverkar Håvar Aabol, instrumentmakar Knut Opheimsbakken og museumsbonde Fredrik Calmeyer. Dei skal visa oss korleis ein egg blir skarp, gjerne med litt forskjelleg tilnærming.

INSTRUKTØRAR: Handverkar Håvar Aabol, instrumentmakar Knut Opheimsbakken og museumsbonde Fredrik Calmeyer

TID: 10. og 11. februar frå 9.00 til 15.00. Det blir servert lunsj.

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: 20. januar

PRIS: Under 26 år kr 1.200, vaksen kr 3.000 (rabattpris: 2.300 for medlemmer av Verne-Vøla). Prisen inkluderer materiell. PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra.

MÅLGRUPPE: Kurset passar for alle over 13 år, anten du har erfaring eller ikkje.

TA MED: Ta med det du vil ha slipt, økser og knivar, hoggjern og bile. Om du har slipeutstyr du ynskjer å ta med, gjer gjerne det.

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Vis arrangement →