Tilbake til alle arrangementer

Kurs i skifertekking


  • Vestnorsk kulturakademi 26 Magasinvegen Voss, Vestland, 5700 Norway (kart)

VKA vil gjennomføra eit kurs i skifertekking i Kvandal første helga i oktober. Tekking med ulike typar skifer har lange tradisjonar i Voss- og Hardangerregionen. Kurset vil ha både teori om ulike måtar å leggje skifer på og praktisk tekking på eit tradisjonelt hus. Det er ein fordel om kursdeltakarane har handverksbakgrunn, men kurset er også ope for andre med interesse for å læra skifertekking.

Kurset går frå torsdag 30.09 til søndag 03.10.2021.

Torsdag 30.09 16:30 - 20:30
Stad: Skulstadmoen, Voss
Gjennomgang av teori, prøvetak og ulike skifer brukt til tekking.

Fredag 01.10 kl 16:30 - 20:30
Stad: Kvandal
Førebuing til tekking (lekting m m). Begynna å tekka.

Laurdag 02.10 09:00 - 16:00
Stad: Kvandal
Tekking

Søndag 03.10 09:00 - 16:00
Stad: Kvandal
Tekking

Instruktør: Byggmeister Olav Langesæter

Pris: kr 1800

De får mat og drikke under kurset.

Påmelding:

Send følgjande:
Namn, adresse, mobilnummer, epost og fødselsår til post@kulturakademi.no

Skriv i påmeldinga om du har handverksbakgrunn og/eller erfaring med tekking.

Spørsmål om kurset kan rettast til:

Atle Ove Martinussen
Vestnorsk kulturakademi
90368990

Forrige
Forrige
24. september

Never- og Torvtekking i Lærdalsøyri

Neste
Neste
8. oktober

Lær å lafte røste og legge i åser i Nord-Torpa