Tilbake til alle arrangementer

Lafting og restaurering


BESKRIVELSE:
På dette kurset kan du enten bygge nytt eller restaurere/skifte ut stokkar på eit gamalt laft.

Hent tømmer i eigen skog og bygg ei lita bu! På kurset kan du setje opp di eiga hytte (sjølvbyggar), eller du kan vere vanleg kursdeltakar der du er med og byggjer ei anna hytte. Dersom du vil vere sjølvbyggar, må du halde teikning og virke sjølv. Max storleik på lafta hytte 20 m2. Du vil rekke å kome godt i gang med veggane på hytta, men vil trenge meir tid for å bli ferdig. Du får opplæring i materialval, dimensjonering og kvalitetskrav og i bruk og oppsetjing av verktøy. Deltakarane må ha med eige handverktøy og verneutstyr. Du kan leige lafteverktøy, kr 300.-.

Det er høve til å arbeide vidare med lafting om kveldane. Ottar Romtveit er byggmeistar og arbeider profesjonelt med lafting. Kurset varer 2 veker. Påmeldingsfrist 11.mai.

KURSPLAN:
Mål: Å gje deltakarane innføring i lafting og/eller restaurere laft.
Ant. timar med lærar 84
Spesielle krav: Ingen

STUDIEMATERIELL:
Du kan velje om du vil bygge di eiga hytte eller om du vil vera vanleg kursdeltakar og medhjelper på eit anna bygg.

Kursdeltakar som skal vera sjølvbyggar må ha teikning og material klare i god tid før kursstart. Det er høve til å laste av laftematerial på kursstaden nokre dagar før kursstart.

Dei som ikkje har ferdig teikning og materialliste må ta kontakt med lærar. Deltakar bør ha skisse eller ide på det bygget dei vil lage. Hytta må ikkje vera større enn 20 rutemeter. Ottar Romtveit kan etter nærare avtale lage teikning og materialliste.

Vil du arbeide med restaurering? Må det skiftast ut stokkar på eit laft? Ta kontakt med Ottar for diskusjon omkring prosjektet og korleis ein kan løyse ting.

Deltakarane må ha ein del handredskap: snikkarsag, hoggjern 38 millimeter, vater, slirekniv, høvel, krittsnor, tommestokk og blyant. Ta med motorsag dersom du har.

Lafteverktøy: lita og stor bile, sudkniv (medragskniv) bandkniv,

Om du ikkje har lafteverktøy er det høve til å leige det for 300 kr.

TELEFON:
35073237, 97548514

PRIS:
Opphald og mat kr. 1150,- per døger (kurspakke). 13 døger kr. 14950,-.

ARRANGØR:
Raulandsakademiet

KURSHOLDER:
Ottar Romtveit

MER INFORMASJON:
o-romtv@online.no

Forrige
Forrige
22. juni

Brodere bunad - Ullbroderi, Raulandsakademiet

Neste
Neste
22. juni

Sølv, filigran, Tradneimsølje - Raulandsakademiet