Tilbake til alle arrangementer

Brodere bunad - Ullbroderi, Raulandsakademiet


Mange drøymer om å brodere bunad anten til seg sjølv eller til eit familiemedlem, men manglar kunnskap for setje i gang.  Eller har du kanskje starta og lagt bort arbeidet, fordi det ikkje blei slik du hadde tenkt? Nå kan du gå på kurs og få god hjelp med å koma i gang. Kurslærer har lang erfaring med bunadsaum og har hatt ei rekke kurs innan brodering og montering. Ho kan og ta med prøvelapper dersom du treng ekstra trening før du set i gang med sjølve bunaden. Det tek tid å brodere ein bunad, så du blir ikke ferdig på dette kurset. Men du kjem godt i gang og i samarbeid med kurslærar set du opp ein plan slik at du kjem i mål. Du kan og brodere plattsaumskjorter, men ikke skjorter med tellesøm. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 15.  Påmeldingsfrist 11. mai

Mål: Målet er at du skal koma godt i gang med arbeidet ditt.

Spesielle krav: Det er sjølvsagt ein fordel å ha kjennskap til handarbeid, men det viktigaste er at du er motivert. I tillegg treng du godt syn, briller eller lupelampe.

Antal timar: 42

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid:
Måndag kl 19-20.
Tysdag – laurdag kl. 8.30-16. Lunsjpause 12 -13.
Sundag kl. 8.30-15

Vi startar med ein gjennomgang av arbedet ditt, snakker om korleis det er lurt å legge opp arbeidet og lage ein arbeidsplan. Dersom det er ynskjeleg kan vi starte med prøvelappar før vi set i gang med sjølve arbeidet – bunadmaterialane.

Studiemateriell

Du må ha med ei materialpakke med påteikna materiale til bunad.

Broderigarn, broderiplansjer og spisse broderinåler 24-26.

Du må og ha med spiss saks, broderiramme med diameter 20 cm og penn/blyant og papir.

Dersom du er usikker på kva du treng, ta kontakt med kurslærer som kan gje råd.

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Noko fellesundervisning, men mest individuell rettleiing.

Pris: Kurs kr. 6300,-  Opphald og mat 6 døger kr 6900,- (kr 1150,- per døger)

Lærar: Barbro Tronhus Storlien

Tlf.: 99 79 82 92

Adresse: Nedre Måsan 15 H, 1385 Asker

E-post: barbrostorlien@hotmail.com

Instagram: fru_storlien

Blogg : frustorlien.blogspot.com

Forrige
Forrige
22. juni

Neversløyd- og fletting, Raulandsakademiet

Neste
Neste
22. juni

Lafting og restaurering