Tilbake til alle arrangementer

Maritimt verktøyseminar


  • Hardanger Fartøyvernsenter 50 Sandvenvegen Norheimsund, Vestland, 5600 Norway (kart)

Treng du å kvesse verktøyet ditt? På Hardanger fartøyvernsenter vert det maritimt verktøyseminar med tema «sliping av verktøy» frå 10-12. november 2021.

Kvast verktøy er avgjerande for godt handverk. På årets maritime verktøyseminar vil deltakarane ha fokus på sliping av ulike handverktøy. Deltakarane vil få grundig instruksjon i sliping av øks, sag, kniv, navar, høveltann og stemjarn.

Maritimt verktøyseminar er eit årleg arrangement, med skiftande tema. Seminaret vender seg til profesjonelle handverkarar som dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar i båt og bygningar. Seminaret har vorte ein viktig møteplass for tradisjonshandverkarar.

INSTRUKTØRAR: Trond Oalann, Johannes Fosse, Peter Helland-Hansen, Kasper Krogh Hansen, Ivar Hoflandsdal

PRIS: 3000,- Inkl. alle måltider

MÅLGRUPPE: Tradisjonshandverkarar

TA MED: Verktøy for sliping – meir info kjem

STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund

SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 21. okt. 2021

Seminaret er støtta av Riksantikvaren

Forrige
Forrige
5. november

Kurs i seglmaking

Neste
Neste
17. november

Vern, val og moglegheiter – Eit føredrag med Else «sprossa» Rønnevig