
Sliping med Trond Oalann
Lørdag den 24. september kl. 10-15 arrangerer Handverkslaget åpent slipekurs i Bergen.
Ingen forkunnskaper nødvendig. Ta Gjerne med eget verktøy, vi sliper det meste, men har hovedfokus på trearbeids-redskaper.
Vi har en mange ulike maskiner og redskaper til sliping slik at du kan finne og teste ut noe som passer for deg.
Kurslærer er Trond Oalann som til vanlig er håndverkslærer på fagskolen Vestland og Bergen Arkitekthøgskole.
Kurslokale er på Lavik gården, Borgatræet 9 5267 Espeland. Pris kr 800. Vi har plass til 8 deltagere, førstemann til mølla.
Kurset er fulltegnet. Send epost til post@handverkslaget.no for ønske om påmelding til fremtidige slipekurs i Bergen med Trond Oalann
Kurs i komposisjons- og linoljemåling og limfarge i Kvanndal
Vestnorsk Kulturakademi i samarbeid med Fortidsminneforeininga Voss lokallag, arrangerer kurs i komposisjons-og linoljemåling og limfarge.
Ein skal primært laga og bruka komposisjonsmåling i gul oker, men vil også læra å laga limfarge.
Det vil også verta ein gjennomgang av bruk av linoljemåling. Etter kurset skal du kunna laga og bruka tradisjonsmåling sjølv. Du vil oppdaga at det ikkje er så vanskeleg verken å laga eller bruka denne målinga.
https://www.gamletrehus.no/butikk/maling-og-overflatebehandling/ingredienser-til-komp-maling
Instruktør er målarmeister Tor Meusberger
Me startar kl 10:00 laurdag 24. september og held på til kl 16:30
Sundag startar me klokka 09:00 og held på til kl 16:00
Kursavgift: kr 1800 inkludert mat
Påmelding : post@kulturakademi.no
Gje opp namn, adresse, mobilnummer, epost og fødselsår
Spørsmål : Atle Ove Martinussen mob 903 68 990
Vel møtt!
100-årsmarkering for Norsk Kunsthandverksskule på Voss
Kvifor heidre skulen no,
102 år sidan den vart starta
og 19 år sidan den vart nedlagt?
Det gjeld eit vakkert historisk skulehus
ein kulturarv som bygda har vore stolt av
og elevar frå heile landet har hatt glede og nytte av.
Og ikkje minst, at det har begynt å nå inn i folk sitt medvit
at skule utan kunst og handverk skapar uro og misnøye, og at
utøvarar og lærarar i faget som meistrar tradisjonane våre i handverk
er blitt ei mangelvare som merkast i skule, kultur, og næringsliv.
Difor har tidlegare elevar på «Kunsten» teke initiativ til å samla
folk frå ulike felt knytt til kunst og handverksfag for å sjå
kva som endå finst, kva som held på å bli borte
og kanskje korleis ein kan samarbeida om
ei ny tid for den rike kulturarven vår?
Å lyfta fram att berekrafta og
verdiane i godt handverk.
Laurdag
Kl. 12.00 Opning på «Kunsten» ved ordførar Hans-Erik Ringkjøb
Kl. 12.30 Kunst og handverksfag - opplæring og arbeidsliv i vår tid
Seminar med innlegg og samtale. Nytt liv i kunst og handverksfag?
Treskjerar og lærar Anneli Engeland
Rektor på Hjerleid Handverksskole Helle Hundevadt
Repr. frå Høgskulen på Vestlandet, Vestland Fylke - Kulturavd. og Vera & Kyte designstudio.
Ope for alle interesserte! Påmelding innan 7. september til karibyevoss@gmail.com eller 97562212. Betaling på Vipps, søk Voss Kunst og Kultur, velg Seminar «Kunsten» kr. 300
Kl. 17.00 Kaffi og samver på Fleischer’s Hotel med historiske Knag møblar.
Christopher Severin Knag Jr., oldebarnet til grunnleggjaren for dei kjende Knag-møblane, vert til stades for dei som vil sjå nærare på dette handverket og boka om det, ein historie som og er knytt til Voss og Kunsthandverksskulen.
Kl. 19.00 Festmiddag på Fleischer’s Hotel med kulturelle innslag. Ole Didrik Lærum: Kva «Kunsten» har betydd for bygda og for elevar. Kr. 575,- Påmelding innan 7. september 5652 0500 eller booking@fleischers.no . Merk «Kunsten». For overnatting bruk heimesida fleischers.no eller epost.
Sundag
kl 12 – 16 Open dag Utstilling og enkel servering på «Kunsten»
Kl. 13.00 Om kunstnarsjel og læremeister Oddmund Sandvik. Designar og kulturformidlar Kari Bye. Musikalsk innslag.
Kl. 14.00 Om det beste av det gamle, som grunnlag for det nye. Kjell Johannessen, kunstnar og tidlegare elev på “Kunsten”. Ope på Dagestadmuseet kl. 15-17 med fana til «Kunsten» Kr.115 (Vipps eller kontant).
ARRANGØR:
Voss Kunst og Kultur, gruppe «Kunsten»
karibyevoss@gmail.com
+47 975 62 212
Kunst- og Handverksmarknad på Evanger i Voss
Vossamarknaden er ein fantastisk flott stad for marknad med plass til 80-100 stands til saman ute og inne, i den tradisjonsrike bygda Evanger i Voss Herad. Marknaden ligg sentralt plassert langs E16, mellom Bergen- Voss til Oslo og tett ved jernbanen frå Bergen til Voss
Me ynskjer å synleggjere mangfaldet innan kunst og handverk og kjem til å legge vekt på at det vert ein marknad som syner dette mangfaldet.
I lokala til Vossamarknaden har Gjørtler Anders Hoster Fiskaa etablert seg med sin verkstad og Galaxy music har studio der. Kanskje er dette ein stad du kunne tenke å etablere deg og?
Det vert laga messekart med oversikt over alle utstillarar, sal av mat og drikke, samt kvar ein fin toalett. Me har eigne parkeringsvakter og vakthald om natta. Messehjelparar som serverer kaffi til utstillarar og guider besøkande rundt på messeområdet.
Under marknaden vert det tilbod til utstillarar med sal av frukost, lunsj og middag i Gildehallen, eit over 100 gamalt eldhus, til utstillarprisar. Samt sosiale samling etter marknadsdagen med sal av forfriskingar.
Du kan og få ein eksklusiv utstillingsstad i nokre av eldhusa om du ynskjer det og ein stor lagerbygning med plass til mange stands. Har du eige telt og utstyr er det eit stort uteområde med god plass. Heile
marknaden er på eit inngjerda område rundt dei gamle eldhusa og produksjons hallane. Nokre av eldhusa er blitt til eldhusmuse og nokre er framleis i drift.
Marknaden er lagt til jonsok helga som har lange tradisjonar i Hardanger og på Voss med å feire dagen med Jonsokbryllaup den 23 juni. Har du ikkje vore med i jonsokbryllaup før? Ja, då er Evanger staden din i år. Evanger Kvinne og Familielag arrangerer jonsokbryllaup for born med brurepar i brurebunad frå Voss og andre bryllaupsgjester i Evanger sentrum. Ei oppleving du som utstillar kan få med deg med bryllaup, jonsokbål og kanskje ein liten svingom og??
Anna informasjon:
Prisar:
Standleige ute, telt 3x3 m kr 2.500,- Standleige inne: ca 2,5 m kr 2.500,-
Straum kr 150,- kjem i tillegg
Ekstra bord kr 150,-
Treng du straum, veggplass eller ekstra bord skriv det i eige kommentar i søknaden
Klargjering av stand: Torsdag 23. kl 12-17 og fredag 08-15.
Opningstider på marknaden:
Fredag: 15 -19 Laurdag: 11-16 Sundag: 12-17
Om dette er noko for deg og du har lyst til vera med å skape ein ny marknad for kunst og handverk med vekt på kvalitet og sosialt treff for utstillarane, er du hjarteleg velkomen til å sende inn søknadsskjema (last ned her) under til vosskunstogkultur@gmail.com innen 1. april 2022.
Ynskjer du meir informasjon ta gjerne kontakt på same e-post adressa.
Velkomen til kunst og handverksmarknad!
Kurs i laging av halvmodell til trebåt
Har du lyst å lage halvmodell? På denne måten kan du visualisere draumebåten og henge den på veggen. Ut ifrå teikningar lagar me kvar vår halvmodell. Kan vera av draumebåten, eller andre teikningar. Kanskje til og med ei gåve?
INSTRUKTØR: Morten Hesthammer
PRIS: 2900,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Nybyrjar/alle
TA MED: Kniv, rasp, høvel, lita øks
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 5. nov. 2021
Vern, val og moglegheiter – Eit føredrag med Else «sprossa» Rønnevig
Rønnevig har alltid vore engasjert i bygningsvern, spesielt gamle vindauge og sett det som ei livsoppgåve å verne om desse. Derfor har ho kallenavnet SPROSSA.
Sprossa har gjort det til si oppgåve å dela kunnskap til huseigarar som vil pussa opp eller renovera gamle hus. Ho syner til eigen erfaring og deler raust av sin kunnskap.
BILLETT: Kan kjøpes her.
Maritimt verktøyseminar
Treng du å kvesse verktøyet ditt? På Hardanger fartøyvernsenter vert det maritimt verktøyseminar med tema «sliping av verktøy» frå 10-12. november 2021.
Kvast verktøy er avgjerande for godt handverk. På årets maritime verktøyseminar vil deltakarane ha fokus på sliping av ulike handverktøy. Deltakarane vil få grundig instruksjon i sliping av øks, sag, kniv, navar, høveltann og stemjarn.
Maritimt verktøyseminar er eit årleg arrangement, med skiftande tema. Seminaret vender seg til profesjonelle handverkarar som dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar i båt og bygningar. Seminaret har vorte ein viktig møteplass for tradisjonshandverkarar.
INSTRUKTØRAR: Trond Oalann, Johannes Fosse, Peter Helland-Hansen, Kasper Krogh Hansen, Ivar Hoflandsdal
PRIS: 3000,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Tradisjonshandverkarar
TA MED: Verktøy for sliping – meir info kjem
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 21. okt. 2021
Seminaret er støtta av Riksantikvaren
Kurs i seglmaking
På dette kurset får me besøk av seglmakar Tor Erik Gustavsen frå «TEG seil» som har jobba som fulltids seglmakar sidan 2001. Gjennom kurset skal me læra om reparasjon og vedlikehald av tradisjonelle segl med fokus på segl til gaffelrigga båtar. Me skal mellom anna også innom syteknikkar, teori om forming av segl, handarbeid på segl, vedlikehald og reparasjonar.
INSTRUKTØR: Tor Erik Gustavsen
PRIS: 4300,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Eigarar av båtar med tradisjonell gaffelrigg
TA MED: Kniv, saks, seglhanske
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: morten.hesthammer@fartoyvern.no/ tlf. 474 88 295, innan 18. okt. 2021
Temakveld og bokslepp på Nordbygda skule - «Jakta på Girardoni»
Temakveld og bokslepp på Nordbygda skule - «Jakta på Girardoni»
Børsemakaren i bygda vår, Alf Helland, har i dei tre siste åra vore handverksstipendiat hjå Norsk håndverksinstitutt på Lillehammer. Prosjektet hans var å rekonstruera verdas einaste luftdrivne armérifle, ein historisk genistrek konstruert av Bartholomeus Girardoni, ein spesiell klokkemakar frå Sør-Tyrol i 1779 . Børsa har ikkje vore rekonstruert i Europa på over 200 år fordi dei fleste av dei spesielle handverksteknikkane bak var militærløyndomar eller hadde gått tapt i historia. Difor var det på tide at ein masfjording tok saka!
Børsa vart ferdig i fjor. Ho vart ein pangsuksess, bokstaveleg talt. Så stor oppsikt vekte det fascinerande vindrifleprosjektet at Alf måtte skriva bok også. No, eit år etterpå, er det difor endeleg klart for bokslepp her i kommunen! Torsdag den 28.oktober klokka 19.00 brakar det laust på musikkrommet på Nordbygda skule med den fascinerande historia bak eit av verdas mest merkelege våpen og handverkskunst i verdsklasse. Merk dykk datoen!
Møt børsemakaren Alf Helland, sjå børsa og få med deg den unike historia om handverkaren frå Masfjorden og katten hans Bent Erik som ga seg i kast med det umogelege. Det vert praktisk foredrag om børsa, boksignering og sjølvsagt gjev forfattaren oss eit par smakebitar frå den rykande ferske boka. Musikkinnslag og noko å bita i vert det også. Fri entré.
Så er du interessert i unik handverkskunst, er våpeninteressert, glad i god litteratur og ønskjer å vera med på feiringa av produkta og prestasjonane til børsemakaren frå Risnes, så sjåast me torsdag 28. oktober på Nordbygda skule!
Velkommen!
PRIS:
Gratis.
ARRANGØR:
Masfjorden kommune v/Frank Kvinge, tlf. 97061230.
Kurs i handlegging
Har du lyst å lære ein unik og gammal kunnskap? Då er det å melde seg på dette kurset i handlegging. Instruktør og reipslagar ved Hardanger fartøyvernsenter, Ingunn Undrum, vil i dette kurset lære deg å lage tau slik vikingane gjorde. Kurset gje eit djupdykk i den riktig gamle teknikken med å legge tau for hand med særs enkle hjelpemiddel, der hovudmaterialet er lindebast. Velkomen til kurs i ei teknikk ikkje mange veit om no til dags!
INSTRUKTØR: Ingunn Undrum
PRIS: 4500,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Nybyrjar
TA MED: Kniv
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 17. sept. 2021
Smikurs i Hardanger
Høyres det spanande ut å få innføring i smedfaget? Då er dette ein stor moglegheit for deg. Som deltakar på dette kurset får du prøve deg på basisteknikkar i smiing, og alle får med seg eigenproduserte gjenstandar etter kurset. Bli med på kurs for nybyrjar i smiing på Hardanger fartøyvernsenter 8.-10. oktober 2021!
INSTRUKTØRAR: Seppe Lehembre, Lars Ystanes
PRIS: 5600,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Nybyrjar
TA MED: Smihammar, vernebriller, vernesko, hanskar og klede som egnar seg
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 17. sept. 2021
Never- og Torvtekking i Lærdalsøyri
Handverkslaget holder kurs i Never- og Torvtekking i Lærdalsøyri.
PROGRAM
24.09.2021
1600-1900: Forberedelser ved kursledere og tiltakshaver
25.09.2021
0900 - 0930: Kaffe / kort om nevertekking ved kursledere
Sted: Sjankehuset0930- 1000- Sortering av never /inndeling i grupper
Sted: Sjankehuset1000- 1230 - Nevertekking i to grupper
Sted: Sjankehuset1230- 1315 - Lunsj - Inga lager suppe med brød
Sted: Gamlebanken1315 - 1330 - Kort om torv v/ Kursledere og Leif Hauge - om vekster osv.
Sted: Gamlebanken1330- 1630 - Nevertekking
Sted: Sjankehuset
Det vil bli servert kaffe underveis1800 oppsummering
Sted: Sjankehuset
26.09.2021
0900 - 1300 Nevertekking
Sted: Sjankehuset1300 oppsummering, evaluering og avslutning.
Sted: Sjankehuset
Info til kursdeltakar
Kursholder: Handverkslaget - Foreningen for Tradisjonshandverk.
Kursledere: Jan Arve Lund, Leif Hauge og Trond Oalann.
Kursavgift: 1250,- kr.
Liste over klær og verktøy:
• Klær etter vær (ute hele dagen)
• Arbeidstøy
• Gode sko
• Tynne arbeidshansker
• Kniv i belte, (snekkerøks om du har.)
(Kursledere stiller med øks, sag, hammer, snor, naver og smidd-spiker)
Påmelding
Påmelding gjøres her, ved å klikke på linken under. Har noen spørsmål utover informasjonen oppgitt ovenfor, kan en kontakte oss på e-post post@handverkslaget.no
Sjankehuset, Ørnegata 8, ligger i verneområdet på Lærdalsøyri og er et av de eldste og minste bolighusene på Øyri. Huset har stått tomt de siste årene, men skal nå restaureres og igjen tas i bruk.
Verneområdet på Lærdalsøyri
Gamle Lærdalsøyri innerst i Sognefjorden er et kulturmiljø av nasjonal interesse. Bevaringsområdet på Øyri utgjør det gamle strandstedet som vokste fram omkring markedsplassen fra 1500-tallet. Den eldste bebyggelsen fra 1700- og 1800-tallet ligger til den gamle hovedveien ned mot fjorden og ved Løytnantsbryggja.
Sjankehuset
Her ved Løytnantsbryggja ligger Sjankehuset. I SEFRAK-registeret er huset datert til slutten av 1700 tallet og tilhører den eldste bebyggelsen på Øyri. Huset har vært i bruk som bolig helt opp til vår tid.
Bruksarealet er på 18,5 m² fordelt på to rom, kjøkken og stue. Loftet nås via en bratt stige og har ikke målbart areal grunnet lav takhøyde. Huset har en grunnflate på 22m² med et lite bislag på 1,5m². Sjankehuset har opprinnelig vært tekket med torv. Rundt midten av forrige århundrene ble det lagt bølgeblikk på torven. Taket ble så lagt om på 1990- tallet med knotteplast og ny torv. Taket er i dag i en dårlig forfatning og omlegging av tak inngår i en plan for restaurering av hele huset.
Restaureringsprinsipper
I restaureringen av huset vektlegges tradisjonell materialbruk og handverksteknikker. Det er et ønske at restaureringen kan synligjøre og videreformidle aspekter ved den lokale og regionale handverkskulturen som stedlig materialbruk, holdbarhet og kvalitet. Størrelsen på huset gjør at omlegging av taket er særlig egnet for et to dagers kurs i tekking av never. Neveren flekkes i juli. Sted for stikking av torv er gjort i samråd med Leif Hauge lærdøl og 1. amanuensis ved Høgskulen i Sogndal. Handverker Jan Arve Lund har lokal kunnskap om legging av never og stikking av torv og er kursleder sammen med handverker Trond Oalann.
Nevertekking på Vestlandet:
Handverkslaget ønsker med dette å sette søkelys på den tradisjonelle nevertekkingen i Vestland fylke, med spesielt fokus på nordfylket, tidligere Sogn og Fjordane. Tekketradisjonene er svært gamle, og det er dokumentert nevertekking tilbake til jernalder ifølge arkeolog ved Vestland fk. Denne taktekkingen med never og torv har vert vanlig i store deler av Norge, og kjennetegnes av lokale tilpassinger til klima og materialtilgang. I området rundt Voss har Trond Oalann tidligere arbeidet sammen med tre ulike tradisjonsbærere på denne håndverksteknikken som sto i en levende tradisjon fra barnsben av. Selv om disse informantene var oppvokst ganske nærme hverandre både i tid og geografisk kunne det registreres store ulikheter på viktige detaljer i nevertekkingstradisjonene. Dette viser at vi trenger å dokumentere flest mulig eldre nevertak etter hvert som de skiftes ut. Dette må utføres av personer med nær kjennskap til faget. Man må rett og slett kunne legge nevertak for å kunne forstå det man ser på eldre bygg, og for å kunne registrere ulikheter. Vi håper at vi med dette kurset kan bidra til å øke interessen lokalt og regionalt, og at vi er med på å styrke fagkunnskapen slik at vi får flere aktører i arbeidet med å bevare lokale nevertekkingstradisjoner.
Kurs i sveiping
Dette introduksjonskurset i sveiping går over 3 kveldar (23.sept., 30.sept., 7.okt. frå kl. 18.00-21.00.) På dette kurset skal du få ei innføring i handverksteknikken sveiping: Ein bøyer eit tynt trestykke og syr endane saman. Som deltakar på dette kurset får du prøve bøying av tre på form, sying med tæger (røtter) og felling av botn. Du endar opp med ei rund eller oval øskje/kurv som du kan bruke til mangt og mykje.
INSTRUKTØRAR: Peter Helland-Hansen, Arne Eriksen
PRIS: 2000,- Inkl. kaffimat
MÅLGRUPPE: Nybyrjar
TA MED: Kniv, blyant
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 2 sept. 2021
Jenteworkshop 2021 (Møbelsnekring, Tørrmuring, Tradisjonsmaling)
UTLYSNING:
Kurs for unge, kvinnelige, håndverkere. Vi søker 20 deltakere som ønsker mer kunnskap om restaurering og bygningsvern
Tverrfaglig workshop kun for jenter
Lillingstonheimen er Fortidsminneforeningens prakteiendom i Fjaler på Vestlandet. På kurs disse 3 dagene skal vi jobbe både teoretisk og praktisk med 3 ulike materialer, 3 ulike fagfelt med 3 inspirerende formidlere. Målet med workshopen er å styrke nettverket mellom yrkesaktive kvinner innen tradisjonshåndverk og i kulturminnevernet.
TRE: Tretekniske arbeider – møbelsnekring
MUR: Tørrmuring med naturstein – istandsetting av trapp
MALING: Tradisjonsmaling - linoljemaling
Vi gjentar suksessen fra i fjor og inviterer herved til ny samling for kvinnelige tradisjonshåndverkere.
Send søknad og CV, samt hvilket av de tre temaene du er interessert i til: Lars Erik Haugen, larserik@fortidsminneforeningen.no
NÅR: Fra: 21.09.21 12:00 Til: 24.09.21 12:00
HVOR: Straumsnesvegen 5, 6968, Flekke
TEMA: Yrkesaktive, kvinnelige håndverkere mellom 20 – 30 år
PRIS: Gratis
PÅMELDINGSFRIST: 15.06.21, 12:00
Kurs i bruk av småbåt
Bli med på tur! Dette er eit friluftskurs knytt til bruk av småbåt. Me skal ut på Hardangerfjorden, overnatte i telt og lage vår eigen middag! Gjennom kurset vert du kjend med bruken av tradisjonelle robåtar. Kurset kjem til å ha fokus på: Roteknikk, segling med sprisegl/ råsegl/luggersegl,- rigging, fortøying, oppsett/utsett, sjømannskap, trim.
INSTRUKTØRAR: Peter Helland-Hansen, Arne Eriksen
PRIS: 4200,- Inkl. alle måltider, overnatting i telt
MÅLGRUPPE: Nybyrjar/alle
TA MED: Utstyrsliste kjem før kursstart.
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 27. mai 2021
Kurs i reipslaging
På dette kurset skal du få ei innføring i reipslaging frå fiber til trosse. Me rigger opp 3 ulike reiparbanar og roterer mellom dei. Frå handspinning av fiber til garn, til ferdig slått tau. Me kjem innom ulike materialar som har vore vanleg på reiparbanar, samt faget si historie og kva kvalitet i tau inneber. Du vil sjå på tau med heilt nye auge etter desse dagane!
INSTRUKTØR: Ingunn Undrum
PRIS: 4000,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Nybyrjar/alle
TA MED: Kniv
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 16. april 2021
Kurs i åremaking
Lag dine eigne vestlandsårer! Me held dette populære kurset for tredje året på rad, kor alle får laga seg eit par årer, og lært både teori og historie på vegen. På kurset lærer du å lage dine eigne årer i furu under rettleiing av båtbyggjarar. Du blir kjent med åra sine namn, grunnmål og eigenskapar. Vidare korleis me vel ut material, merkar opp og tilverkar årene med tradisjonelle verktøy. Siste dag på kurset ror me ein tur me dei nylaga årene på Hardangerfjorden!
INSTRUKTØRAR: Peter Helland-Hansen, Arne Eriksen
PRIS: 6700,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Nybyrjar, men fordel med noko erfaring med trearbeid
TA MED: Meir info kjem
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 16. april 2021
Avlyst pga Covid - Grindbygg kurs i regi av Handverkslaget
HVA:
Handverkslaget arrangerer kurs i tradisjonell grindbygging på Voss i april.
Kurset vil baseres på håndverktøy og vi begynner med rundstokk som bearbeides med bile, vi skal bygge et bygg på ca. 4x6 meter. I tillegg til praksis er det lagt opp til foredrag om grindløenes historie og vi skal se litt på ulike varianter av stavbygde uthus i Norge.
TIDSPUNKT:
Kurset vil gå over to helger, 10-11. april 2021 og 17-18 april 2021. Vi er litt usikker på om vi også vil ta i bruk fredag ettermiddag for å få mest ut av kurset.
STED:
Voss Sag og Tradisjonsbygg, Nedre Fennavegen 15, 5709 Voss.
INSTRUKTØR:
Trond Oalann i samarbeid med Kjartan Bergsvåg slik at deltakerne vil få god og tett oppfølging gjennom hele kurset.
UTSTYR:
Instruktørene vil stille med det meste av nødvendig verktøy, og kurset vil foregå under tak.
PRIS:
Kr. 1850,- for Hanverkslagets medlemmer og kr. 2300,- for ikke medlemmer.
OVERNATTING:
Det er billig overnatting på stedet i et hus med fire soverom med mulighet for flere senger. Mer informasjon kan fås ved påmelding.
ANNET:
Det er lagt opp til 12-deltakere. Vi tar forbehold om utviklingen av coronna- epidemien, kurset kan bli avlyst eller flyttet til høsten om de offentlige påbudene setter en stopper for gjennomføringen.
PÅMELDING:
Påmelding innen 19. mars 2021, til post@handverkslaget.no.
Kurs i rigging av båt
Har du lyst å rigge din eigen eller andre sin båt? Det er både kjekt og praktisk. 12.-13. mars 2021 kan du på Hardanger fartøyvernsenter lære meir om dette. På kurset tek me føre oss wire- og tauspleis, bendsling, kledning og lagar enkelte verktøy. Velkomen!
INSTRUKTØRAR: Sarah Sjøgren, Kasper Krogh Hansen, Morten Hesthammer
PRIS: 2900,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Eigarar av båtar med tradisjonell gaffelrigg
TA MED: Kniv, seglhandske og riggerverktøy, om du har
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 19. feb. 2021
Sponkorg kurs
Har du lyst å lage sponkorg? På Hardanger fartøyvernsenter vert det 4-timar introduksjonskurs i å flette ei korg av høvelspon. På kurset lærer du å lage di eiga sponkorg under rettleiing, og me vert mellom anna kjent med tema som emneval, høvling med sponhøvel og fletteteknikk. Alle får med seg eigenprodusert sponkorg etter kurset. Ein kjempefin gåveidè til ein du har kjær eller deg sjølv!
INSTRUKTØR: Peter Helland-Hansen
PRIS: 800,- Inkl. kaffimat
MÅLGRUPPE: Nybyrjar/alle
TA MED: Kniv, saks, blyant og 20 kleklyper
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 5. feb. 2021
Kurs i vindusrestaurering for viderekommende
På sensommeren inviterte vi til kurs i vindusrestaurering på Engevik, hvor nybegynnere fikk bryne seg på de mer grunnleggende prinsippene i restaurering av gamle vinduer.
Det er mange vinduer å ta av på Engevik, og vi så at flere av dem trengte en mer kyndig og erfaren hånd i restaureringsprosessen. Vi kan derfor med glede annonsere at vi inviterer til nok et vindusrestaureringskurs i januar, denne gangen rettet mot viderekommende og fagpersoner med noe erfaring fra restaurering.
Vi forlenger kursdagene noe, og setter opp hele 5 dager i januar. Kurset foregår på dagtid og inkluderer ikke overnatting.
Kurset avholdes på Engevik Gaard hvor vi tar for oss vinduene fra hovedhuset.
Kursleder er Alexander Günther fra Hardanger Fartøyvernsenter.
PÅMELDINGSFRIST:
10. januar 2021.
PRIS:
Kr 3500,- per person.
INNHOLD:
- FEM kursdager på Engevik
- Befaringsdag på Engevik
- Lunsj og drikke alle dager
- Kursbevis
- En solid gjennomgang av de viktigste prinsipper innen vindusrestaurering
- Praktisk arbeid og kunnskapservervelse
PÅMELDING:
Bindende påmelding SKAL sendes til post@engevikgaard.no
Påmelding skal inneholde navn, adr, telefonnr, eventuell firmatilknytning, fakturaadresse og informasjon om eventuelle allergier som må hensyntas.
MAKS 12 plasser, førstemann til mølla gjelder!
Du må selv komme deg til og fra Engevik for kursdagene.
Har du behov for overnatting har vi avtale med vakre Moldegaard utenfor Os sentrum med gode priser. Ta kontakt for informasjon om dette, så skal vi formidle kontakt!
Kursavgift vil faktureres.
Kurset avholdes med støtte fra “Kulturminner for Alle”.
KONTAKTINFO:
E-post - post@kulturminnedok.no
Tlf - 913 90 276
Innføring i blåtrykk og plantefarging
Innføring i blåtrykk og plantefarging.
Kursleiarar: Marianne Wie og Zoë Burt
Kurset gje deg innføring i blåtrykk og plantefarging. Deltakarane får farga ei lita veske og får også med seg boka Nature Journal.
Kurset går 23. mai 10-16.
Påmelding 2 veker før kursstart. Pris kr. 1000. Betal kursavgifta til Fana husflidslags konto: 3418 18 00439. Merk betalinga med kurs og navn. Påmelding er ikkje gyldig før kurset er betalt.
