Tilbake til alle arrangementer

Nevertekking i Hedalen


  • 2043 Hedalsvegen Hedalen, Innlandet, 3528 Norway (kart)

På kurset skal me tekke tak på to små hus som er flytta frå Vassfaret, det eine ein stall, det andre ei tømmerkoie. Husa har gamle åstak med himling av staur, der det ligg never og torv oppå. Tekkemåten blir tilpassa taka Torva har preg av skogbotn og noko supplering er påkreva. I løpet av kurset skal me hogga staur, legga på den, flekke never som me skal tekke med, før me skal legge på torv, både av den som var her og noko ny. Torva skal me til skogs for å finna. I all hovudsak blir det brukt materialar som me finn i nærområdet, men noko never må me skaffa også på anna vis. Biletet er take før husa vart flytta til Bautahaugen.

INSTRUKTØR: Steinar Moldal
TID: 30. juni til 2. juli 2022 (30 timar)
STAD: Bautahaugen Samlinger, Hedalen
PRIS: Kr 3.300 (rabattpris kr 3.100 for medlemmer av Fortidsminneforeningen og dei med årskort til Valdresmusea)
MÅLGRUPPE: Huseigarar, handverkarar og andre interesserte. Kurset passar for alle som er interessert i tradisjonshandverk, uansett fagleg nivå
PÅMELDINGSFRIST: Snarast
ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

SPØRSMÅL OG PÅMELDING
til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

NB: All påmelding må gå direkte til Odd Arne
BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset.
Rabattprisen gjeld dei som har årskort ved museet eller er medlem av Fortidsminneforeningen

Forrige
Forrige
24. juni

Kunst- og Handverksmarknad på Evanger i Voss

Neste
Neste
22. juli

Slåttekurs for ungdom og unge voksne