Tilbake til alle arrangementer

Kunst- og Handverksmarknad på Evanger i Voss


Vossamarknaden er ein fantastisk flott stad for marknad med plass til 80-100 stands til saman ute og inne, i den tradisjonsrike bygda Evanger i Voss Herad. Marknaden ligg sentralt plassert langs E16, mellom Bergen- Voss til Oslo og tett ved jernbanen frå Bergen til Voss

Me ynskjer å synleggjere mangfaldet innan kunst og handverk og kjem til å legge vekt på at det vert ein marknad som syner dette mangfaldet.

I lokala til Vossamarknaden har Gjørtler Anders Hoster Fiskaa etablert seg med sin verkstad og Galaxy music har studio der. Kanskje er dette ein stad du kunne tenke å etablere deg og?

Det vert laga messekart med oversikt over alle utstillarar, sal av mat og drikke, samt kvar ein fin toalett. Me har eigne parkeringsvakter og vakthald om natta. Messehjelparar som serverer kaffi til utstillarar og guider besøkande rundt på messeområdet.

Under marknaden vert det tilbod til utstillarar med sal av frukost, lunsj og middag i Gildehallen, eit over 100 gamalt eldhus, til utstillarprisar. Samt sosiale samling etter marknadsdagen med sal av forfriskingar.

Du kan og få ein eksklusiv utstillingsstad i nokre av eldhusa om du ynskjer det og ein stor lagerbygning med plass til mange stands. Har du eige telt og utstyr er det eit stort uteområde med god plass. Heile

marknaden er på eit inngjerda område rundt dei gamle eldhusa og produksjons hallane. Nokre av eldhusa er blitt til eldhusmuse og nokre er framleis i drift.

Marknaden er lagt til jonsok helga som har lange tradisjonar i Hardanger og på Voss med å feire dagen med Jonsokbryllaup den 23 juni. Har du ikkje vore med i jonsokbryllaup før? Ja, då er Evanger staden din i år. Evanger Kvinne og Familielag arrangerer jonsokbryllaup for born med brurepar i brurebunad frå Voss og andre bryllaupsgjester i Evanger sentrum. Ei oppleving du som utstillar kan få med deg med bryllaup, jonsokbål og kanskje ein liten svingom og??

Anna informasjon:
Prisar:
Standleige ute, telt 3x3 m kr 2.500,- Standleige inne: ca 2,5 m kr 2.500,-
Straum kr 150,- kjem i tillegg
Ekstra bord kr 150,-
Treng du straum, veggplass eller ekstra bord skriv det i eige kommentar i søknaden

Klargjering av stand: Torsdag 23. kl 12-17 og fredag 08-15.

Opningstider på marknaden:

Fredag: 15 -19 Laurdag: 11-16 Sundag: 12-17

Om dette er noko for deg og du har lyst til vera med å skape ein ny marknad for kunst og handverk med vekt på kvalitet og sosialt treff for utstillarane, er du hjarteleg velkomen til å sende inn søknadsskjema (last ned her) under til vosskunstogkultur@gmail.com innen 1. april 2022.

Ynskjer du meir informasjon ta gjerne kontakt på same e-post adressa.

Velkomen til kunst og handverksmarknad!

Forrige
Forrige
1. juni

Kurs i skifertekking, Vang i Valdres

Neste
Neste
30. juni

Nevertekking i Hedalen