Tilbake til alle arrangementer

Temakveld og bokslepp på Nordbygda skule - «Jakta på Girardoni»

  • Nordbygda skule Fenfjordvegen 474 5986 Hosteland Norge (kart)

Temakveld og bokslepp på Nordbygda skule - «Jakta på Girardoni»

Børsemakaren i bygda vår, Alf Helland, har i dei tre siste åra vore handverksstipendiat hjå Norsk håndverksinstitutt på Lillehammer. Prosjektet hans var å rekonstruera verdas einaste luftdrivne armérifle, ein historisk genistrek konstruert av Bartholomeus Girardoni, ein spesiell klokkemakar frå Sør-Tyrol i 1779 . Børsa har ikkje vore rekonstruert i Europa på over 200 år fordi dei fleste av dei spesielle handverksteknikkane bak var militærløyndomar eller hadde gått tapt i historia. Difor var det på tide at ein masfjording  tok saka!

Børsa vart ferdig i fjor. Ho vart ein pangsuksess, bokstaveleg talt.  Så stor oppsikt vekte det fascinerande vindrifleprosjektet at Alf måtte skriva bok også. No, eit år etterpå, er det difor endeleg klart for bokslepp her i kommunen! Torsdag den 28.oktober klokka 19.00 brakar det laust på musikkrommet på Nordbygda skule med den fascinerande historia bak eit av verdas mest merkelege våpen og handverkskunst i verdsklasse.  Merk dykk datoen!

Møt børsemakaren Alf Helland, sjå børsa og få med deg den unike historia om handverkaren frå Masfjorden og katten hans Bent Erik som ga seg i kast med det umogelege. Det vert  praktisk foredrag om børsa, boksignering og sjølvsagt gjev forfattaren oss eit par smakebitar frå den rykande ferske boka. Musikkinnslag og noko å bita i vert det også. Fri entré.

Så er du interessert i unik handverkskunst, er våpeninteressert, glad i god litteratur og ønskjer å vera med på feiringa av  produkta og prestasjonane til børsemakaren frå Risnes, så sjåast me torsdag 28. oktober på Nordbygda skule!

Velkommen!

PRIS:
Gratis.

ARRANGØR:
Masfjorden kommune v/Frank Kvinge, tlf. 97061230.

Forrige
Forrige
9. oktober

Kurs i handlegging

Neste
Neste
2. november

Kurs i smiing for ungdom på Valdres Folkemuseum