Tilbake til alle arrangementer

Veving - Kom i gang, Raulandsakademiet

Lær å veve og å sette opp eigen renning i veven. På kurset får du prøve å veve toskaft, kypert og vaffelbinding i ulike garnkvalitetar. Kvar kursdeltakar får også prøve å renne, påsveiping, hovling, tre i vevskei, nedknyting. Kurs frå Måndag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 11. mai.

Kurset er nå fullteikna, men du kan stå på venteliste.  Det er ledig plass på vevkurs på Klanderud, Magnor. Les meir her:

https://www.facebook.com/events/498597170753428/

 Kursplan:

Mål: I løpet av kurset skal kursdeltakar få eit innblikk i grunnleggande teknikkar i handveving, få kunnskap om vevstolen, om vevutstyr som trengs og korleis ein set opp ein vev. Kursdeltakar vil få ei innføring i grunnprinsippa i bindingslære og vi brukar vevprogrammet WeavPoint til bindingslæra. Vidare vert det  noko om ulike garnkvalitetar og kva desse høver godt til.

Alle kursdeltakarane får høve til å veve handkle, veske, nålepute og kan hende eit skjerf.

Ant. timar med lærar 42

Spesielle krav: Alle som ynskjer å lære å veve kan søke kurset. Det er ingen krav til forkunnskaper

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag: Kurs 0830-1600, Sundag: kurs 0830-1500, lunchpause 1200-1245.

Vevverkstaden ligg ca 600 m i gangavstand frå Raulandsakademiet.

 Måndag: Kort intro om kva veving er og kva for mogelegheiter det er i veven. Bli kjend på verkstaden.

Tysdag – fredag: Veving, oppsetting av vev, renning, sveiping, hovling, framknyting, nedknyting, m.m. Enkel bindingslære og korleis ein kan lese vevoppskrifter og rekne ut materialforbruk.

Inspirasjon til nyskaping

Laurdag – sundag: avslutte veven, ferdigstille og klargjere til miniutstilling, oppsummering og evaluering og sjå på mogelegheitene og kva som må til for å veve der du bur.

Studiematriell:

Alle deltakarane får tilgang til vevstolar og alt naudsynt veveutstyr.

Tilrådd litteratur: Solveig Orstad Teigen: veving eller Laila Lundell: Den store vevboken.

Om du har andre bøker om veving, tar du med det du har. Husk å merke private bøkar med namn.

Ta med: Skrivesaker og papir, gjerne ruteblokk. Fargeblyantar. Saks. Målband. Tykke sokkar, kopp. Husk å merke privat utstyr med namn.

Materialkostnader: ca kr. 400 – 600

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Praktisk arbeid på verkstaden. Individuelt arbeid, plenumsdiskusjon og teoriundervisning. Korte økter med teoriundervisning felles. Mykje individuell rettleiing og undervisning i grupper.

Verkstadane er opne om kvelden slik at deltakarane kan praktisere utanom undervisningstida.

Pris: Kurs kr 6300,-    Opphald og mat i 6 døger kr 6900,- (1150 per døger)

Lærar: Hilde Opedal Nordby

Adresse: Januarivägen 14, 86335 Sundsvall, Sverige.

Telefonnummer: 0046-793357609

E-post adresse: hildeonor@gmail.com

Forrige
Forrige
27. juni

Svevsko kurs

Neste
Neste
29. juni

Snekkerkurs med vekt på grunnleggende håndverksteknikker