Filtrerer etter: «Vestland»

sep.
17.
til 18. sep.

100-årsmarkering for Norsk Kunsthandverksskule på Voss

Kvifor heidre skulen no,
102 år sidan den vart starta
og 19 år sidan den vart nedlagt?
Det gjeld eit vakkert historisk skulehus
ein kulturarv som bygda har vore stolt av
og elevar frå heile landet har hatt glede og nytte av.
Og ikkje minst, at det har begynt å nå inn i folk sitt medvit
at skule utan kunst og handverk skapar uro og misnøye, og at
utøvarar og lærarar i faget som meistrar tradisjonane våre i handverk
er blitt ei mangelvare som merkast i skule, kultur, og næringsliv.

Difor har tidlegare elevar på «Kunsten» teke initiativ til å samla
folk frå ulike felt knytt til kunst og handverksfag for å sjå
kva som endå finst, kva som held på å bli borte
og kanskje korleis ein kan samarbeida om
ei ny tid for den rike kulturarven vår?
Å lyfta fram att berekrafta og
verdiane i godt handverk.

Laurdag

Kl. 12.00 Opning på «Kunsten» ved ordførar Hans-Erik Ringkjøb
Kl. 12.30 Kunst og handverksfag - opplæring og arbeidsliv i vår tid

Seminar med innlegg og samtale. Nytt liv i kunst og handverksfag?
Treskjerar og lærar Anneli Engeland
Rektor på Hjerleid Handverksskole Helle Hundevadt
Repr. frå Høgskulen på Vestlandet, Vestland Fylke - Kulturavd. og Vera & Kyte designstudio.

Ope for alle interesserte! Påmelding innan 7. september til karibyevoss@gmail.com eller 97562212. Betaling på Vipps, søk Voss Kunst og Kultur, velg Seminar «Kunsten» kr. 300

Kl. 17.00 Kaffi og samver på Fleischer’s Hotel med historiske Knag møblar.
Christopher Severin Knag Jr., oldebarnet til grunnleggjaren for dei kjende Knag-møblane, vert til stades for dei som vil sjå nærare på dette handverket og boka om det, ein historie som og er knytt til Voss og Kunsthandverksskulen.

Kl. 19.00 Festmiddag på Fleischer’s Hotel med kulturelle innslag. Ole Didrik Lærum: Kva «Kunsten» har betydd for bygda og for elevar. Kr. 575,- Påmelding innan 7. september 5652 0500 eller booking@fleischers.no . Merk «Kunsten». For overnatting bruk heimesida fleischers.no eller epost.

Sundag
kl 12 – 16 Open dag Utstilling og enkel servering på «Kunsten»

Kl. 13.00 Om kunstnarsjel og læremeister Oddmund Sandvik. Designar og kulturformidlar Kari Bye. Musikalsk innslag.

Kl. 14.00 Om det beste av det gamle, som grunnlag for det nye. Kjell Johannessen, kunstnar og tidlegare elev på “Kunsten”. Ope på Dagestadmuseet kl. 15-17 med fana til «Kunsten» Kr.115 (Vipps eller kontant).

ARRANGØR:
Voss Kunst og Kultur, gruppe «Kunsten»
karibyevoss@gmail.com
+47 975 62 212

Vis arrangement →