Bli med på å bygge nytt trehøgdeloft i Setesdal!
Bli med på å
bygge nytt
trehøgdeloft i
Setesdal!
Agder fylkeskommune og Setesdal
bygningsvernsenter inviterar
handtverkarar til deltaking i forsknings- og kompetansehevingsprosjekt på
trehøgeloft i Setesdal.
Det skal byggast eit nytt trehøgdeloft
på Rysstad i Setesdal på 1500-tals vis.
Loftet frå Nomeland på Kristiansand
friluftsmuseet er utgangspunktet.
Laftehogg, materialbearbeiding og
verktøybruk skal utførast så autentisk
som mogleg. Målet er å auke
kunnskapen og forståinga for
byggeprosessen, samt bidra til å samle
kompetansemiljø på tvers av
fylkesgrensene.
Prosjektet vil gå føre seg over totalt 12
arbeidsveker. Handtverkarar kan melde
seg på for å vere med på prosjektet i to
veker om gonga, der ein kvar veke vil få
samarbeide med nye handtverkarar.
Alle vil delta i to periodar på 2 veker,
totalt 4 arbeidsveker. Ein vil alltid
arbeide saman med tre andre. Dersom
ynskjeleg, vil ein forsøke å arbeide inn
kvar fredag for å utnytte dagane.
Prosjektet vil samle 12 deltakarar. Det
er ein fordel om ein har kjennskap til
lafting og antikvarisk arbeid.
Arbeidet vil foregå ved Setesdal
bygningsvernsenter på Rysstad i Valle
kommune. Anders Dalseg og Leif
Røysland ved senteret vil leie
arbeidet.
Deltakarar får kompensert 2000kr per
dag for tapt arbeidsinntekt.
Prosjektet stiller med gratis
overnatting i arbeidsperiodane.
Undervegs vil det verte arrangert
eigne fagdagar på f.eks spretteteljing,
verktøybruk mm. som vil verte opne
for alle.
Oppstart for første handtverkargruppe vert
måndag 17. April 2023.
Første prosjektsperiode:
Veke 16, 17 og 18. (april/mai)
Andre prosjektperiode:
Veke 42,43,44 og 45 (oktober/november)
Tredje prosjektperiode:
Veke 2,3,4,5 og 6 (januar/februar 2024).
Påmelding og meir informasjon finn du her:
https://agderfk.pameldingssystem.no/trehogdeloft
Frist: 15. Mars