Bilde av Johannes Fosse.jpg

Johannes H. Fosse

Smed - Lager verktøyet navar

johshfosse@yahoo.no
909 94 416

Alver (Vestlandet)

Facebook

“Den navaren eg lagar er frå 8-900-talet av norsk opphav, etter informasjon eg har fått av forskar John Snow. Eg eig Fossesjøsmia i Nordhordland, bygd av oldefar min, Ivar Olsen Kjenes Fosse, i 1840/42. 

I 1866, lærde son til Ivar, Ola, navarsmiing av smed Ole Bastesen Gaustad, ein kjend navarsmed.  Ola bygde seg smie på Flatøy, og vart ein dyktig smed. Han vart bland anna med på landsutstillinga i Bergen, i 1896.  I Fossesjøsmia var det i periodar mindre navarsmiing fram til 1910.  I 1943 kunne eg smi navrar for sal og fekk fleire års erfaring med smiing. 

Etter ein del år i Luftforsvaret med flymekanisk utdanning, vart eg teknisk befal og gjorde teneste på Gardermoen. Så var eg tilbake i smia ein del år. Hadde eit par studieår og etter det tok eg arbeid i forsikring.

Eg vart pensjonist i 1994, og vende då tilbake til smia.  Eg fekk tidleg kontakt med Anders Haslestad frå Riksantikvaren. Me samarbeidde i mange år, med mål å få læra opp fleire til å smi navar og dermed sikra smi kunsten. Det vart halde mange navarkurs i Norge og i Sverige og vi hadde mange kontaktar i Danmark og USA. Ein stammehøvding frå Mali i Afrika var nærare 3 veker på kurs hjå meg i Fossesjøsmia, og vekselvis med Johannes I. Fosse i Kråsmia.

I dag lagar eg navarar til bygningsbransjen over heile landet.” ”


— Johannes H. Fosse