Tilbake til alle arrangementer

Slipekurs


  • Valdresmusea 27 Tyinvegen Fagernes, Innlandet, 2900 Norway (kart)

BESKRIVELSE

Skal arbeidet bli bra må du ha reiskap som bit! Altfor ofte er det dårleg egg på bila, øksa eller kniven. Men dette går det an å gjera noko med! Handverkar Håvar Aabol vil læra bort korleis me oppnår akkurat dette. Instrumentmakar Knut Opheimsbakken vil i læra oss korleis me kan setja opp sikling og anna eggverktøy slik at han får overflater me tidlegare berre har drøymt om, og som han må ha når han lagar feler og andre instrument. Museumsbonde Fredrik Calmeyer syner oss korleis han får bet i ljåen ved å banka han. Ein teknikk som er lite kjent, men som gjer at enga legg seg som ho skal. Det vert kaffi og litt å bite i.

11. og 18. oktober 2023 kl. 19.00-22.00 (6 timar over to onsdagskveldar)

TA MED: Ta med det du vil ha slipt, økser og knivar, hoggjern og bile. Om du har slipeutstyr du ynskjer å ta med, gjer gjerne det!​

Forrige
Forrige
10. oktober

Kurs i vindusrestaurering for huseiere

Neste
Neste
12. oktober

Smikurs på Hjerleid - nybegynner - uke 41