Filtrerer etter: «valdresmusea»

Smikurs for dei med litt erfaring, 3 Kvelder + 1 Dag.
jan.
10.

Smikurs for dei med litt erfaring, 3 Kvelder + 1 Dag.

KURSINNHALD

Velkommen til smikurs for deg meg litt erfaring. Har du det ikkje, arrangerer vi også nybegynnarkurs dei same vekene. Det bli smiing frå dei enklaste krokar til meir kompliserde ting etterkvart, avhengig av ditt eige nivå.

INSTRUKTØR: Smed Knut Olav Dokken

TID: 10., 17., 24. januar kl. 17-22 og 28. januar 9-16 (3 kveldar + 1 dag) (22 timar) 

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: 28. desember

PRIS: Under 26 år kr 1.800, vaksen kr 3.700 kr inkl. materiell (rabattpris: kr 3.500 for medlemmer av Verne-Vøla og dei med årskort til Valdresmusea)​. PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra.

MÅLGRUPPE: Alle over 13 år med litt smierfaring

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Vis arrangement →
Slipekurs
okt.
11.
til 18. okt.

Slipekurs

BESKRIVELSE

Skal arbeidet bli bra må du ha reiskap som bit! Altfor ofte er det dårleg egg på bila, øksa eller kniven. Men dette går det an å gjera noko med! Handverkar Håvar Aabol vil læra bort korleis me oppnår akkurat dette. Instrumentmakar Knut Opheimsbakken vil i læra oss korleis me kan setja opp sikling og anna eggverktøy slik at han får overflater me tidlegare berre har drøymt om, og som han må ha når han lagar feler og andre instrument. Museumsbonde Fredrik Calmeyer syner oss korleis han får bet i ljåen ved å banka han. Ein teknikk som er lite kjent, men som gjer at enga legg seg som ho skal. Det vert kaffi og litt å bite i.

11. og 18. oktober 2023 kl. 19.00-22.00 (6 timar over to onsdagskveldar)

TA MED: Ta med det du vil ha slipt, økser og knivar, hoggjern og bile. Om du har slipeutstyr du ynskjer å ta med, gjer gjerne det!​

Vis arrangement →